Dimitrij Bortnjanskij
Dimitrij Bortnjanskij
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dimitrij Bortnjanskij | |
| Fødd | 28. oktober 1751 Hlukhiv |
| Død | 10. oktober 1825 |
Dimitrij Bortnjanskij på Commons | |
Dmitrij Bortnjanskij
Dimitri Stepanovitsj Bortnjanskij[a] (28. oktober 1751–10. oktober 1825) var ein ukrainsk komponist som hovudsakleg var verksam i Russland. Han fekk stor påverknad på utviklinga den tyske kyrkjemusikken på 1800-talet.
Innhaldsliste
1 Liv og virke
2 Merknadar
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Liv og virke[endre | endre wikiteksten]
Bortnjanskij blei fødd i Gluchov i Guvernementet Tsjernigov. Som sjuåring flytte han til St. Petersburg for å synge i hoffkapellkoret. Han var elev av Baldassare Galuppi som var leiar av hoffkoret til tsaren frå 1765 til 1768. I 1769 reiste Bortnjanskij med Galuppi til Italia. Her hausta han stor fagnad for operaene Creonte (Venezia, 1776); Quinto Fabio (Modena, 1778) og Alcide (Venezia, 1778).
Bortnjanskij vendte attende til St. Petersburg i 1779. I 1796 utnemnde tsar Paul I han til statsråd og leiar av hoffsongarkapellet. Under leiinga hans utvikla koret seg til eit toppensemble i europeisk sammanhang. Bortnjanskij fekk i 1814 oppdraget å skrive offisiell versjon av Johannes Chrysostomos-liturgien for den russisk-ortodokse gudstenesta som skulle gjelde for heile Russland.
Kyrkjemusikken til Bortnjanskij omfattar over 100 motetter, kantater og liturgiske stykke og i denne knytte han saman russiske og vestlege element i ein polyfon stil han lærde i Italia. Bortnjanskij skreiv òg kammermusikk og klaversonater.
Bortnjanskij snakka ukrainsk, russisk, italiensk, fransk og tysk. I 1882 gav Pjotr Tsjajkovskij ut ei ti bind stor samleutgåve av Bortnjanskij sine kyrkjemusikkverk.
Bortnjanski døydde 28. september 1825 og er gravlagd på gravplassen ved Aleksandr Nevskij-klosteret i St. Petersburg.
I Russland blei tonespråket hans rekna som forelda og kritisert som «italiensk». Likevel har han vore mykje omtykt heilt fram til vår tid, da musikken er særs tilgjengeleg og kjenslelada.
Merknadar[endre | endre wikiteksten]
↑ Russisk Дмитрий Степанович Бортнянский, ukrainsk Дмитро Степанович Бортнянський, Dmytro Stepanowytsch Bortnjanskyj
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på «Dmitri Stepanowitsch Bortnjanski» frå Wikipedia på tysk, den 19. november 2011.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Werke von und über Dimitrij Bortnjanskij i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket- Verkforteikning på russisches-musikarchiv.de
- Fritt tilgjengelege notar av Dmitrij Bortnjanskij i International Music Score Library Project
- Isabelle de Keghel: Die Staatssymbolik des neuen Russland im Wandel
|
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1751
- Døde i 1825
- Klassisistiske komponistar
- Ukrainske komponistar
- Kyrkjemusikkomponistar
(window.RLQ=window.RLQ||).push(function()mw.config.set("wgPageParseReport":"limitreport":"cputime":"0.172","walltime":"0.225","ppvisitednodes":"value":580,"limit":1000000,"ppgeneratednodes":"value":0,"limit":1500000,"postexpandincludesize":"value":5790,"limit":2097152,"templateargumentsize":"value":883,"limit":2097152,"expansiondepth":"value":8,"limit":40,"expensivefunctioncount":"value":5,"limit":500,"unstrip-depth":"value":0,"limit":20,"unstrip-size":"value":467,"limit":5000000,"entityaccesscount":"value":1,"limit":400,"timingprofile":["100.00% 186.001 1 -total"," 64.28% 119.567 1 Mal:Infoboks_biografi"," 23.47% 43.662 2 Mal:Br_separated_entries"," 16.94% 31.510 1 Mal:Autoritetsdata"," 7.18% 13.351 2 Mal:KategoriKjønn"," 5.17% 9.615 1 Mal:Levde"," 4.53% 8.418 1 Mal:Merknadar"," 3.61% 6.721 1 Mal:Mrk"," 3.47% 6.461 1 Mal:Reflist"," 2.65% 4.932 1 Mal:PND"],"scribunto":"limitreport-timeusage":"value":"0.060","limit":"10.000","limitreport-memusage":"value":2093084,"limit":52428800,"cachereport":"origin":"mw1293","timestamp":"20180902015826","ttl":1900800,"transientcontent":false);mw.config.set("wgBackendResponseTime":95,"wgHostname":"mw1266"););

Clash Royale CLAN TAG